onsdag 9. februar 2011

Svensk middag

Då har vi prøvd ut siste coopkupp, frosen potetmos og svenske kjøtbollar. Eg synest det verka lite med ein pakke potetmos, medan ein pakke kjøtbollar verka høveleg.  Det stemte også.

Vurdering: 
1. Tid: Denne frosne stappa var ikkje laga på fem minutt, ein må først koke opp mjølka, og så må potetpelletsen, eller kva eg skal kalle den, varmast opp.  Dette gjer ikkje noko, for ein skal lage brun saus og varme kjøtbollane.

2. Smak: Denne stappa kan ikkje samanliknast med pulverstappe, men heller ikkje heilt med heimelaga.

3. Porsjonsstorleik:  På pakken står det at det skal vere rikeleg til fire personar.  Då må to av dei vere små. Vi løyvde ein porsjon, så til oss er det høveleg med to pakkar når vi er fem.

4. Pris: Når du får kjøtbollane attpå, er dette rimeleg.  Men eg ville neppe kjøpt stappe for 55 kroner til familien.  Då hadde eg heller tatt fram potetskrellaren, sett på vatn, delt potetene i bitar og stappa dei sjølv.

5. Næringsinnhald: Eit stort pluss for å ikkje vere tilsett E-stoff.  Vanleg potetmospulver er ein av verstingane i butikkhyllene.

Sjølv om eg brukte berre halvparten av saltmengda i oppskrifta, så har eg vore tørst i heile ettermiddag.  Kan kjøtbollane ha vore for salte?

3 kommentarer:

  1. Eg syns også dette var eit tilbod som måtte prøvast ut:) Gubben er ikkje veldig glad i kjøtbollar, men han må finne seg i å ete det som blir servert! Jentene likte det godt:) For oss var det nok med ein pakke potetstappe, for vi har to små! Men dersom eg kjøper meir, skal eg tilsette litt grasløk.

    SvarSlett
  2. Når det gjeld storleik, så er det no berre å bruke halve pakkar også, slik eg tippar de må om eldstemann er heime. Eg kvernar alltid pepar i potetstappe. Elles ser eg at det står kvitløk i enkelte oppskrifter. Ein får ha i det som høver til retten.

    SvarSlett
  3. Det er ikkje all verdens arbeid å lage stappe frå grunnen av, men når ein skal ha saus til maten, vil eg heller ha kokte poteter.Den tid eg hadde det travelt, skrella eg ofte poteter for to dagar om gongen, det gikk for det same.No brukar vi mest mandelpoteter som vi kokar med skalet på, då er dei ferdige på eit kvarter.Skriv dette fordi det er mange som ikkje har tid å koke poteter.Det meiner er er eit spørsmål om planlegging.Vanlig kjøpestappe er pyton, men då eg var i arbeid hende det nok at eg brukte ein pakke eller to.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...