onsdag 16. mai 2012

Kva skal du gjere 16. mai?

 Når ein får slike spørsmål, forstår ein at ein ikkje er heilt ung lenger.  Eg kom ikkje på noko anna svar enn: Bake kake. Eg hadde fått for meg at eg skulle bake tre kaker til 17. mai, men det viste seg å berre vere ei.

 
Så no har eg sett ei Kvæfjordkake i omnen. Det er ei grei kake å gi vekk.

I dag har dei hatt avslutning på UVS.  Mannen kom heim med fin bukett og den flottaste orkidéen eg har hatt i hus.

Eg vil ønskje alle blogglesarane ein flott nasjonaldag!

2 kommentarer:

  1. Eg har ikkje pynta, ikkje baka, men eg kjøpte ein orkidé på Coop for 90 kr. I år har vi ikkje ein gong planta i kjøkkenkassene til 17.mai. Det må vere lenge sidan sist.

    SvarSlett
  2. Kor fin jenta er i uniform! Vi har ikkje hatt regn i dag, utruleg nok.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...