søndag 20. april 2014

1. påskedag

 I går skulle det ha kome eit blogginnlegg i serien "Hagen i dag".  Det vart gløymt, kanskje fordi eg hadde "Sønnen" på øyret?  Sola kom fram att i dag, så det var berre å få på seg dei gamle joggeskoa og gå rundt vatnet.
Kvitveisen blomstrar.
Bjørka står i knopp enno.
Hestar og sauer har kome på beite.

Når ein har gått seg ein tur, kan ein unne seg litt avslapning på altanen.  Grillmat har eg ikkje kjøpt inn.  I staden vart det lår og vingar av ein kalkun eg kjøpte inn til jul.  Filetane kan vi ete ein annan dag.  No kokar eg kraft av resten av kalkunen.

Det ser ut til at vi skal få ein like fin dag i morgon, men då kan eg ikkje ta heilt fri.  Timeplanen min er slik at eg har fleire fritimar måndag og ingen tysdag.  Det seier seg sjølv at då må det bli noko førebuing. Ein bunke rapportar og ei engelskprøve har og lagt trygt i påska.  Dei kan eg velje kva kveld eg vil til å rette ...

1 kommentar:

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...