tirsdag 12. mars 2013

Sjokoladefromasj


Desserten på skulekjøkenet denne veka er sjokoladefromasj.  Appelsinjus - vi pressar den sjølve - set ein frisk smak på fromasjen.  For dei som ikkje toler sitrus kan ein kutte ut jusen eller erstatte han med kaffi.
3 plater gelatin

¼ plate kokesjokolade

2 egg
1 ½ ms sukker

2 ms kokande vatn

(2 ms appelsinjuice)

1 dl kremfløyte


1.    Legg gelatinplatene i bløyt i kaldt vatn i eit ½-litermål av stål.
2.    Kok opp litt vatn i ei lita stålpanne.
3.    Riv sjokoladen.
4.    Visp eggedosis av egg og sukker.
5.    Pisk fløyten til mjuk krem.
6.    Klem vatnet godt ut av gelatinen og løys han i 2 ms kokande vatn.
     (Vassbad om nødvendig: Set stålmålet med gelatin i panna med kokande vatn)
7.    Rør gelatinen (tynn stråle!) inn i eggedosisen med slikkepott.
8.    Rør forsiktig inn sjokolade og eventuelt appelsinjuice.
9.    Bland forsiktig inn kremen til slutt.
10. Ha fromasjen i ei dessertskål og set han i kjøleskåpet til 
            servering.

2 kommentarer:

  1. Ser godt ut. Sjokoladefromasje skal jeg prøve å lage med havrefløte i. Håper det går bra. Er spennende å eksprimentere litt.
    Ha ei fortsatt riktig god våruke :)

    SvarSlett
  2. Eg må få høyre korleis det går! Eg har dårlege erfaringar med den fløyteerstatninga som var for 4-5-6 år sidan. Elevar med laktoseintoleranse et gjerne litt mjølk, men det hender vi har ein med melkeallergi. Eg ser det vert stadig fleire produkt i handelen.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...