lørdag 14. juni 2014

Årets blomstertur

I dag klaffa det endeleg for oss slik at vi kom oss av garde på den årlege blomsterturen til Kvalsund Gartneri på Nerlandsøya utanfor Fosnavåg by. Det er så kjekt å få gå å plukke seg ut blomster i drivhusa der.

Utgangspunktet for fargevalet vart denne korga.  eg har lenge hatt lyst på noko anna enn plast til hengeplantane.  Om det er meir praktisk, vil tida vise.  Eg må i alle fall vatne med måte, om eg då ikkje stikk hol i plasten inni.


 Georginer i fleire fargar.  I bed kan eg ikkje ha dei, for det er yndlingsretten til visse sleipe skapningar.
 Geraniane var spesielt store og kraftige.  Før var eg flink å ta stiklingar. <I år hadde eg ingen morplante.
Årets nykomar.  Noko nytt må ein prøvekvart år.  Men berre fargen er ny.

I tillegg kjøpe eg eit par roser, lobeliaer og nokre kvite småplantar som vi planta på grava.

Etter plantehandelen tek vi oss som regel ein liten butikkrunde før vi kjøper oss ostekake og kaffi  på Madelynn Coffee. Dagen er verkeleg ein av dei kjekkaste i året!

6 kommentarer:

  1. No kan vi køyre gratis gjennom tunnelen så vi kan kjøpe blomster der ute vi også-om vi vil.

    SvarSlett
    Svar
    1. Det er ein fin tur også! Er der ikkje ein butikk med diverse fiskeutstyr og?
      Er redd for at folk på denne sida tenker omvent og fer på Plantasjen.

      Slett
  2. Gratulere med gratis tunell mellom barndomsheim og heim ;-)
    Og SÅ fine blomar du har fått kjøpt.
    Eg har planta om nokre stemor i dag. Dei har vorte "stemoderleg" behandla..

    God søndag!

    SvarSlett
  3. Ja, det er kjekt med gratis tunnell - lenge før forvent!
    God søndag til deg og!

    SvarSlett
  4. I Fosnavåg er der ein butikk med fiskesaker, så det kan vel bli tur utover snart. Plantasjen er grei -men mange uteplantar er for langt komne i forhold til vårt klima, men i år har det vore bra. Ikkje alt ein kjøper der er av like god kvalitet, men hortensiaen eg kjøpte er kjempefin.

    SvarSlett
  5. Fordelen med å kjøpe rett frå gartneriet, er at ein veit plantane har fått godt stell. Plantasjen har mange ting som ein ikkje finn der, så ein kan handle begge stader om ein vil.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...