fredag 8. november 2013

Nytt strikketøy!

 No trur kanskje blogglesarane at eg er ferdig med herregenseren, men det er eg ikkje!  Halskragen og monteringa står att.  Eg jamsteller det med rettingsarbeid.  Ein må førebu seg mentalt på å gjere det. Montering gjer eg berre i dagslys.  Etter at eg hadde strikka og montert kufta mi, tenkte eg at det å sette i ermar, er ei smal sak.  Det nye prosjektet mitt er endå enklare med tjukke pinnar og raglanfelling.  Det er frøkna som vil ha seg genser.
Brosjyren fekk eg meg med heim då eg starta på herregenseren. I dag kjøpte eg mønsteret. Denne gongen fekk eg med meg ein brosjyre som heiter DIY. Modellane var enkle og trendy.  Det er så nytt at dei hadde ikkje mønsterhefte.  Frøkna likte så godt ein genser i det heftet og. Til det er det berre å seie: Do It Yourself.  Det vil ho greie.

Då ønskjer eg blogglesarane ei god helg, med eller utan strikketøy!


2 kommentarer:

  1. God helg til deg også.
    Eg strikkar til tovatøfle str. 45....
    Har lyst å strikke gensar til 11 åringen, ho likar litt store vide
    gensarar, men eg veit ikkje om eg tore å starte. Slit med ei skulder som etter operasjon ikkje vert særleg betre enn ho er no. Og strikking likar ho ikkje :(
    Får sjå kva det blir til...

    SvarSlett
  2. Eg må vere forsiktig med mi slulder og. Dei dagane eg er på datakurs eller arbeder mykje med PC, strikkar eg ikkje.
    No er det utruleg mange fine mønster til jenter...

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...