Frøkna i familien har meldt seg på eit utvekslingsprosjekt. Så denne veka har vi ein tysk ung mann på besøk. Eg har trua med å snakke tysk, noko som ho meiner vil gjere hene flau. Vi henta han hos ein annan vertsfamilie som tok i mot dei i går sidan vi var i Bergen. Det viser seg at han snakkar flytande engelsk etter å ha vore eitt år i USA.
Guten er høfleg og grei. Han er open for å smake all mat, seier han. Til frukost fekk han prøve seg på brunost i form av innherredsost. Han smakte og var overraska, for han hadde ikkje trudd at det "actually was good".
I dag laga eg taco til dei to venninnene og dei to tyske vennene deira. No har dei fare på kino i Ulsteinvik. Det ser ut til å bli ei kjekk veke for ungdomane! (Og oss vaksne.)
Høyrest spennande ut.
SvarSlettKos dokke!
Lykke til ! Kan bli artig, dette.
SvarSlettHøyres artig ut! Kjekt å bli kjent med menneske frå andre kulturar, og å presentere andre for vår! I slike situasjonar kjenner eg at eg er stolt av, blant anna,... brunosten...
SvarSlett