Om nokon sakna innlegg frå meg i går, så var rett og slett eg eller datamaskina opptatt i heile går. Det går i datakurs og intervju. I dag kom eg heim kvart over seks. Det er dette med at enkelte ting tek lengre tid med åra, slikt som til dømes frisørtimar.
Då eg kom heim, stod det ny bil på tunet og blomster på bordet. Vi har harr sjusetar i mange år, men no sit vi sjeldan fire i bilen. Skal heile familien ein stad, vert det i to bilar uansett.
Vi prøvde ein ny rett på skulekjøkenet i dag. Han var vellukka. Eg skulle ta bilde, men gløymde det. Så vi får sjå om det vert ein reprise i heimen.
Eg ønskjer alle blogglesarane ei god helg - den siste før advent!
Du må no legge ut bilde av bilen også!
SvarSlettDet var mørkt då eg kom heim ...
SvarSlettGratulerer med ny bil, og god helg!
SvarSlettSå kjekt med ny bil til Jul!
SvarSlettOg ikkje minst roser @-}--
God helg!