Av og til kjem vi litt "skeivt ut" på skulekjøkenet. To av gruppene fekk fleire timar enn dei andre. Då nyttar vi høvet til å lage nye rettar. Torsdag og fredag laga vi Rogan josh - indisk lammegryte, berre at vi brukte kylling. I dag laga eg retten heime. Eg valde å steike løken i ei panne og kjøtet i steikepanna.
400 g lammekjøt eller kyllingfilet.1 løk
2 ms olje til steiking
2 ms indisk, raud karripasta (Eg brukte Santa Maria, det einaste eg fann,)
1 boks hakka, hermetiske tomatar
1 ts sukker
2 ms kokosmasse
1/4 potte koriander
- Del kjøtet i terningar.
- Skrell og hakk løken.
- Ha olje i steikepanna og varm han opp.
- Ha i kjøt og løk og steik i to omgangar i 2-3 minutt.
- Tilset karripasta og hermetiske tomatar
- Rør inn sukker og kokosmasse. Klipp frisk koriander over.
- Server retten saman med raita, chutney, naanbrød og basmatiris.
Ein grøn salat smakar og godt til.
Raita
1/4 slangeagurk
1/4 potte koriander
1/4 potte frisk mynte
2 dl yoghurt naturell
1/2 ts sukker
1/4 ts salt
1/4 ts pepar
- Riv agurken grovt på rivjern. Lat det stå i 15 minutt og slå av væska som har danna seg.
- Hakk koriander og mynte.
- Bland saman alle ingrediensane.
- Lat raitaen stå i kjøleskåp ein time før servering slik at smaken får sett seg.
Kjekt å prøve nye ting.
SvarSlettFin ny veke :-)
Her har vi blitt litt forsiktige med løk og krydder, vi toler det ikkje så godt lenger. Dessverre, for vi er begge glade i krydra mat. Denne retten såg god ut, men det manglar eitt ord i oppskrifta.1/4 potte ??
SvarSlettDer mangla visst ein bokstav også. Då skal koriander ha kome på plass.
SvarSlett