På skulekjøkenet bruker vi vanlegvis godt gjennomprøvde oppskrifter. I år har eg ei utfordring med glutenfri matlaging. det er interessant å prøve seg på. Eg meiner mykje har skjedd på den fronten berre dei siste fire-fem åra. Kokosmakronar er glutenfritt for alle. I tillegg valde eg å sette eit par elevar til å bake karamellstenger i foodprosessoren. Dei vart svært gode! Deigen var noko vanskeleg å arbeide med, meinte dei. Men eg synest dei var flinke!
Elles meinte dei sirupen var treig å få målt opp. Det gjekk vel i sirup ...
ca 3 dl fin glutenfri mjølblanding (Vi brukte Toro lys mjølblanding)1 dl sukker
1 ts natron
1 ts vaniljesukker
1/2 ts fiberhusk
2 ts sirup
100 g smør
- Set omnen på 175.
- Ha det tørre i bollen på foodprosessoren før du har i sirup og smør i terningar.
- Start maskina og lat ho gå til du har ein jamn deig.
- Utbaking: Del deigen i fire. Rull kvar deig ut til ei pølse. Legg dei på ei papirkledd plate med god avstand mellom.
- Steik kakene midt i omnen 15-17 minutt.
- Skjer stengene i bitar på skrå medan dei enno er varme.
- Trykk pølsene flate med ein gaffel.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar