fredag 14. mars 2014

Home alone - not!

 Denne helga trudde eg at eg omtrent skulle bli heime åleine. I dag tidleg køyrde eg mannen på kaia, så fekk eg ein liten halvtime ekstra til førebuing og tilrettelegging.  Men ho som skulle på friidrettssamling i helga vart sjuk. Forkjøling er heldigvis slikt som går over.  Eg håper berre eg slepp å bli smitta.  Eg skal nemleg til hovudstaden om ei lta veke.  Journalisten kom innom og fekk seg taco i kveld. Han kom heim frå La Manga i går. Søndag reiser han og Hareidspelaren til Tyrkia.  Det ser ut til at alle kan samlast søndag mellom 18 og 19.

Eg fekk låne eit par filmar til helga av ein kollega. Merkeleg nok har eg ikkje sett Precious før.  Det er ein utruleg sterk film.  Midt i filmen tenkte eg på Amalie Skram og naturalismen. Slutten var også svært god. Ein kjem langt under huda på personane, og dei er samansette.  Om nokon av dykk ikkje har sett filmen, vil eg anbefale den på det sterkaste.  men det er langt frå nokon "feel-good-film".
Den andre filmen har eg ikkje sett enno.  Det har vorte diskutert om det er ein film til skulebruk.  Temaet er aktuelt nok, nemleg nettdating.  Unge jenter trur dei snakkar med jamaldringar når dei chattar på nett.  Vi bruker å bestemme kva filmar som høver i dei ulike faga og på kva slags trinn. For å ha ei meinig må ein sjølvsagt sjå filmen på førehand.

2 kommentarer:

  1. Takk for filmtips. Eg burde set meir film...
    Me møtest kanskje på flyet om ei lita veke då ;)
    Eg har plotta inn middag til gjengen min søndag etter, og før viktige fotballkampar på ulike nivå, der eg synest G14 kampen er den viktigaste...

    SvarSlett
  2. Eg skal berre fram og attende fredag.
    Kjekt å kome seg litt vekk. Det er ikkje så lenge til vi skal hente heim studenten til påske og ta med ting han ikkje treng siste tida.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...