(eller mog(e)legheiter som det heiter etter den nye nynorskmoralen)
I dag innsåg eg at også denne veka er full av møte, så om det skulle bli ein bytur på meg ein dag, var det berre å slå til. Ærendet var eit par basisplagg og ein tur på bybiblioteket. Der fann eg berre ei bok. Har nokon lese den?Butikkane er no fulle av julevarer. I dag var det liksom greitt for meg. Dei får berre styre på. Men først får vi feire farsdag. Eg vil også ha novemberkaktusar fram til julestjernene kjem i hus i desember.
P.S.
Om nokon stussar på det som står i parentesen, så var det eit forsøk på å vere morosam. At muleg er ute av ordlista, har eg ikkje heilt godteke!
Med meg vert det muleg fortsatt, basta..
SvarSlettPrivat skriv ein som ein vil! Som lærar må eg lyde!? ;-(
SvarSlettså enig...
SvarSlettvi ventar med Jul til novemberkaktusen har blømt ;-)
- fin veke til deg -
Eg har lese boka, så du finn vurdering på bloggen min. I år eller i fjor.
SvarSletthttp://olaug.blogspot.no/2011/04/bok-nr-2011-den-siste-gode-mann.html
SlettEg er så syndig at eg skriv "MULIG" og kjem til å halde fram med det.
SvarSlettEg kan strekke meg til muleg...
Slett