lørdag 3. november 2012

Laksefilet med appelsin og grønsaker

Måndag var eg i Volda på kurs i Fiskesprell. Det er Norsk sjømatråd som står bak dette.  Du kan lese om opplegget og laste ned det gamle heftet her.
På kurset laga vi ulike settar som vi sette fram på ein buffé.  Det bruker vi og å gjere når vi arbeider med fiskesprell i undervisninga.  Då kan ein forsyne seg med litt av kvart, og all maten vert oppeten.
Dagens oppskrift fann eg i lærarrettleiinga.  Oppskrifta ligg og på Lerøy.  Den er litt annleis enn i lærarrettleiinga, men som de ser er bildet det same.  Mine kommentarar er i kursiv.

600 g laksefilet, skinn- og beinfri
2 gulrøter
1 liten purre
1/2 brokkoli
2 appelsinar
salt og pepar


Set steikeomnen på 180 grader. Smør ei eldfast form.
Kok opp lettsalta vatn til grønsakene.
Skyl og skjer opp grønsakene.
Kok dei i 1-2 minutt.
Hell av vatnet og fordel grønsakene i botnen av forma.

Kok ris eller poteter.  Eg synest denne risen er god.  Billeg er han og.
Skyll laksefileten i kaldt vatn.  Skjer i serveringsstykke. Skyl fisken i kaldt vatn.  Legg han over grønsakene.
Kvern over salt og pepar.

På skulekjøkenet er det greitt å skjere fisken i like mange bitar som ein er elevar.
Riv skalet av ein appelsin.Press safta av den.  Hell safta over laksen og dryss skalet over.
Skjer den andre appelsinen i båtar og legg desse mellom laksebitane. Eg skar appelsinbåtane litt tjukkare enn det vi gjorde i Volda.  Eg meiner tynne båtar var mest vellykka.  Elles hadde ikkje rivjernet der eigna riveflate.  Men vi fann ein annan reiskap.  Eg hadde ein sameleis i skuffa.  Den gir fine strimlar.
Steik retten midt i omnen 15-20 minutt til fisken er knapt gjennomsteikt.

Eg synest denne retten er enkel og grei. Sjølv ville eg ete han utan ris, gjerne med brød til. Dei som åt mykje ris, ville gjerne hatt saus.  Retten høver godt på ein buffé med varme og kalde rettar.

2 kommentarer:

  1. Takk for god oppskrift !
    Denne vil eg prøve.
    Har mange, men alltid kjekt å prøve noko nytt.

    God laurdagskveld !

    SvarSlett
  2. ... og eg har fleire på lager! Vi må ta tak i anbefalingane som er laks eller anna feit fisk ein gong i veka i faget mat og helse. Og skal ein gjere det heime, trengs variasjon!

    God laurdagskveld til deg og!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...