mandag 5. november 2012

Ny veke - nye mulegheiter

(eller mog(e)legheiter som det heiter etter den nye nynorskmoralen)
I dag innsåg eg at også denne veka er full av møte, så om det skulle bli ein bytur på meg ein dag, var det berre å slå til.  Ærendet var eit par basisplagg og ein tur på bybiblioteket.  Der fann eg berre ei bok.  Har nokon lese den?

Butikkane er no fulle av julevarer.  I dag var det liksom greitt for meg.  Dei får berre styre på.  Men først får vi feire farsdag.  Eg vil også ha novemberkaktusar fram til julestjernene kjem i hus i desember.

P.S.
Om nokon stussar på det som står i parentesen, så var det eit forsøk på å vere morosam.  At muleg er ute av ordlista, har eg ikkje heilt godteke!

7 kommentarer:

  1. Med meg vert det muleg fortsatt, basta..

    SvarSlett
  2. Privat skriv ein som ein vil! Som lærar må eg lyde!? ;-(

    SvarSlett
  3. så enig...
    vi ventar med Jul til novemberkaktusen har blømt ;-)

    - fin veke til deg -

    SvarSlett
  4. Eg har lese boka, så du finn vurdering på bloggen min. I år eller i fjor.

    SvarSlett
    Svar
    1. http://olaug.blogspot.no/2011/04/bok-nr-2011-den-siste-gode-mann.html

      Slett
  5. Eg er så syndig at eg skriv "MULIG" og kjem til å halde fram med det.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...