fredag 24. april 2015

Slalåmkufte

I dag har eg sikra meg garn på tilbod til ei ny kufte.  Kofteboken eg fekk til jul har lege ubrukt til no. Eg har sjølvsagt bladd i henne.  Og der er mange plagg eg kunne tenkt meg å strikke.  Før eg kan begynne på denne, må eg gjere ferdig førre prosjekt.  Eg er heilt firkanta på det å ha fleire prosjekt på gang.  Det hender eg har to, eller at eit må vente litt på montering, men helst vil eg fullføre det eine før eg begynner på noko nytt.

Ein ting eg diskuterer med meg sjølv, er om eg skal følgje oppskrifta og begynne oppe.  Eg trur eg kjem til å gjere som eg plar, for då vert ermane små lette prosjekt.  Eg treng ikkje å prøve plagget undervegs, for eg har nok av plagg å samanlikne med! 

Kufta skal eigentleg strikkast i Hillesvåg sitt garn.  Det vert ikkje forhandla her, så eg valde det garnet med finast fargar.  Tumi er Raumagarn og er ei blanding av ull og alpakka.  Det skal vere ei tynnare utgåve av Mitu, eit garn som eg liker svært godt, men som kan bli litt tjukt.

3 kommentarer:

  1. Her har det vore/er det kofteutstilling på Kunsthuset. Elle Johansen stilte ut kofta ho strikka då ho gjekk for presten. Du får sjå når de får avisene.

    SvarSlett
  2. Eg hadde hatt lyst å vere der, men måtte prioritere jobb!

    SvarSlett
  3. Lykke til med koftestrikkinga....

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...