fredag 3. april 2015

Langfredag 2015

I dag har vi hatt påskefamilietreff her hos oss. Vi var tretten til bords. På menyen stod sosekjøt og kjøtkaker - kokt i same panne. Kjøtkaker er yndlingsretten til opp til fleire av gjengen. Til dessert serverte eg bær i krydderlale med is eller krem.
Serviettar frå i fjor. Eg hadde akkurat nok att i ein pakke.  Ein fin tradisjon for vertane er at gjestene har med seg kaker. I går laga eg ei ny langpannekake med rabarbra. Mor mi hadde med gulrotkake og systera mi ostekake. Eg synest det passa å ta fram kakespaden eg kjøpte ein gong frøkna såg den i butikken. Ho var så lita at ho ikkje hugsar det no.

For tida greier eg berre å blogge frå I-paden. Mobilen og mannen si maskin nektar no også å samarbeide. Appen på nyemobilen har eg ikkje greidd å bruke. Fotoapparatet fungerer berre dersom eg kan sette minnekortet inn i ei datamaskin, og det har eg ikkje. Eg ser fram til å få orden på dette. Enn så lenge får ein gjere det beste ut av situasjonen.

5 kommentarer:

  1. Kjedeleg når ein kavar med dei tekniske dippeduttane. Eg likar best å blogge frå PC, men har lasta ned appen BloggPress på iPhone og iPad som eg brukar i nødsfall.
    Høyrest ut som ein nydeleg middag, her har me også god røynsle med den brunesosretten.
    Her hadde me langtidssteikt lammelår i dag, det vart svært vellukka. O sa at det kjendest som å skjere i sjokoladepudding....

    Vona det blir ein like fin dag i morgå som i dag.

    SvarSlett
  2. Det håper eg, ja. Og då skal eg kome meg ut!
    Eg har eit lammelår på lur. I tillegg har gutane fiska. Og det minkar på dagane ...

    SvarSlett
  3. 13 til bords! ;) Tek du den, Solveig?

    SvarSlett
    Svar
    1. Tala til tolv ;-) Men skal ein skrive slike ulykkestal?

      Slett
  4. Elles så har eg vel sett "filmen" . God gamaldags krim.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...