søndag 7. februar 2016

Fastelavn

I dag spurde eg om det var noko interesse for bollar.  Det var det.  Eg sette ein deig og let han heve medan eg gjekk rundt vatnet.  I går handla eg på framande butikkar, og kom demed heim utan fersk gjær.  Sjølv meiner eg at det er vanskeleg å få like godt resultat med tørrgjær.  Familien merka ikkje noko ...

At fersk raud gjær er best til bollar, slo eg fast for tre år sidan. Elles såg eg at Wenche på frukost-tv bake etter Schakendametoden med å ha i smøret til slutt.  Dagens bollar vart serverte til dessert. Det går vel med nokre til kveldsmat også.

2 kommentarer:

  1. Jeg baker stort sett alltid med tørrgjær.
    Og det siste året har jeg også bakt med
    å ha i smøret til slutt og la maskinen gå
    ganske lenge. Det blir veldig luftige og
    gode. Har vel laget gode boller før også,
    men syns selv disse blir bedre.
    Tenker de bollene dine også ble gode.
    Har også servert boller i dag, men glemte
    å ta bilder.
    Ha ei flott ny uke :)

    SvarSlett
  2. Jau, bollane vart gode, men eg trur dei ville ha vorte lettare med fersk gjær ...
    Ei fin veke til deg og!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...