søndag 13. september 2015

Søndagstur til Eika

I går planla vi ein snartur til Eika.  Eg tok atterhald om regn, men yr.no lova fint ver. Idet vi skulle ta laus, kom det ei byge.  På Eika var det varmt og fint ver utan nedbør.  Det kom litt regn på heimvegen.  Så vi var heldige med val av tidspunkt.
 
Skal ein få nokonlunde fine bilde med mobilkamera, må ein ha mykje framgrunn.  
Her viser ikkje fjella vi såg i bakgrunnen dessverre. 
 Dette skiltet gjer meg glad! Denne veka skal vi begynne på dialektar.  Av bokmålsord som har snike seg inn i dialekten her, kjem "foran" høgt på lista i tillegg til "bo", "kun" og "spise". Sjølv seier eg "framom" eller "framfor", trur eg, i alle fall ikkje "foran".
Og så var det den eigentlege grunnen til søndagsturen.  mannen skulle finne ein Hareidstrimpost.  Eg har funne den saman med turgruppa før.

5 kommentarer:

  1. Vi var ein tur på Eika i fjor. Eg har høyrt der skal vere mykje flått-så du må sjekke om du har blitt biten. Eg har ikkje merka at det har regna før eg las dette, då såg eg at det var vått på altanen.

    SvarSlett
  2. Vi var der i tolvtida. No har det kome skikkeleg med regn. Vi går berre på vegen. Håper at det minskar faren for flott...

    SvarSlett
  3. Ein finn ro og glede når ein går
    på Eika.
    Ei perle.
    Eg har hatt fast flått i år, men fekk den ikkje der.

    SvarSlett
    Svar
    1. Ei venninne fortalde i dag at ho hadde vore på soppsanking på Eika før helga, fram til i dag hadde dei plukka av henne 13 flått :( ..

      Slett
  4. Huff! Det er skummelt om ein ikkje passar på! Nok av dei som slit med Borrelia!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...