Dette spørsmålet må elevane svare på før økta på kjøkenet. Denne veka svarer omtrent alle:
- Eg har lært å lage syltetøy!
- Var det vanskelegare eller lettare enn de hadde trudd?
- Lettare!
I byrjinga på året liker eg å vise elevane det dei skal lage. Eg viser heile prosessen i syltelaging. Eg viser dei og korleis ein lagar vaffelrøre i skål og med stavmiksar. Så greier mange seg heilt sjølv. Eg går sjølvsagt rundt og hjelper, men eg får det litt rolegare ...
Så flott at dei før øve seg på slike kjekke og nyttige oppgåver!
SvarSlett