Eg avslutta handleturen med å rigge meg til på skulekjøkenet. Skuleturen torsdag gjer at vi kjem litt i utakt. Eg må begynne med gjærbakst før eg kan rydde vekk vaffeljerna. Eg har laga halvårsplan, men no må eg lage ein detaljert med minusdagar slik at vi kjem i mål med dei viktigaste leksjonane.
I morgon skal eg først lære niandeklasingar gjærbakst. Deretter skal vi sjå Romeo and Juliet frå 2013 i tiande. Eg kallar det den ultimate kjærleikshistoria. Og så må eg seie eg er glad for at det kjem nye versjonar innimellom ...
Slik går dagane her.
Hos meg blir det veldig ofte det samme på disse lappene.
SvarSlettKanskje fordi jeg ikke handler så veldig mye på Coop
og dermed blir det gjerne de varene jeg ikke finner andre steder.
Greit å kunne handle litt som en også kan spare litt på.
Berre ein har vit til å kjøpe berre det ein treng! Kjeks og saft stod eg over. No saftar eg sjølv. Elles er det varer som eg ville kjøpt likevel.
SvarSlettEg handlar omtrent berre på coop, men eg må innom andre butikkar etter kaffibønner, og då kjøper eg gjerne med meg eit par, tre nett med daglegvarer.