I dag har vi rekna i alle fag. I mat og helse fann vi feitt- og saltinnhaldet i ulike "snacks" (Eg ser at glaset med dei 91 g olje har gøymt seg bak potetene.) Vi fann ut at energiinnhaldet i potetgullposen er det same som i 1,8 kg poteter, og at i 100g-posen med fullkornsgrisp's er det like mykje energi som i 1314 g gulrøter. Ein kan konkludere med at ein trygt kan ete seg mett på skikkeleg mat som poteter og gulrøter. Potetgull og liknande inneheld ikkje noko som kroppen treng. Vi diskuterte også porjonsstorleik som på pakker er oppgitt til 30 g. Kor mange deler potetgullpakken på ni?
Ein annan konklusjon var at saltstengenelever opp til namnet sitt. Pakken inneheld 16,7 g salt, meir enn anbefalt dagsinntak for tre personar.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar