I dag baka eit par av elevane spiralloff på skulekjøkenet. Dei runde loffslivene skal vi bruke til eit smørbrød som vert forrett til avslutningsmiddagen. Brøda vart ferdige nokre minutt inn i friminuttet, så eg lova bakaren bilde!
Eg tvilar på at slike former finst i handelen lenger. Der låg att eit par "sølvfarga". Mine i g"ullfarge", vart lite brukt heime, så dei tok eg med meg på jobb. I tillegg kjøpte eg eit par på bruktbutikken.
Før påske opdaga eg at elevane ikkje visste kva ein food-prossessor er, så her slo eg to fluger i ein smekk!
Spiralloff
(2 brød)
2 ms margarin/olje
½ pk gjær
1 egg
½ ts salt
½ ts sukker
ca 8 dl
kveitemjøl
Slik gjer vi:
NB! Bruk foodprosessor.
- Smuldr gjæren i bollen.
- Varm væska til 37 grader. Hell ho i bollen.
- Ha i
resten av ingrediensane.
- Køyr
foodprosessoren til du har fått ein god klump. Ha i meir mjøl om
nødvendig.
- Lat deigen heve ca 30 minutt i maskina. Smør formene. Set omnen på 200 grader.
- ”Slå ned” deigen med maskina d.v.s. lat henne gå nokre sekund.
- Del
deigen i to og form avlange brød.
Legg brøda i formene og fest på loka.
- Hev brøda i 30 minutt.
- Steik
brøda i 30 minutt. Sjekk fargen før
du kvelvar dei på rist.
Eg meiner at eg har/ har hatt eit par slike former.
SvarSlettKanskje eg har fått dei?
SlettDet er kanskje namnet Foodprosessor som er framandt, trur
SvarSlettnok dei finns i mange heimar. Eg lika best å bake i større
kjøkenmaskin. Det blir fine skiver når brøda er laga i spiralformer, kjekt at elevane får lære og oppleve.
Du har ein spennande jobb !
God helg, eg skal på Høddvoll no, barnebarn spelar NM-kamp G16..
Brød liker eg og å lage i stor maskin. Foodprosessoren passar akkurat til 2 spiralloffar, noko som er nok på skulekjøkenet.
SlettHeia Hødd?- eller Hasund?
Denne dagen var det Hødd, har to barnebarn som spela der og to som spela på Hasundgot så eg må halde tunga beint i munnen når eg heiar.
SlettDet kvislekvasla seg då me var på Norway Cup, ropte feil :)
Flott. Jeg har funnet min form. Nu, i gang! Leste et sted at noen brukte honning i stedet for sukker. Det skal je prøve.
SvarSlett