fredag 15. april 2016

Spiralloff

I dag baka eit par av elevane spiralloff på skulekjøkenet.  Dei runde loffslivene skal vi bruke til eit smørbrød som vert forrett til avslutningsmiddagen. Brøda vart ferdige nokre minutt inn i friminuttet, så eg lova bakaren bilde!
 
Eg tvilar på at slike former finst i handelen lenger.  Der låg att eit par "sølvfarga".  Mine i g"ullfarge", vart lite brukt heime, så dei tok eg med meg på jobb.  I tillegg kjøpte eg eit par på bruktbutikken.
 
Før påske opdaga eg at elevane ikkje visste kva ein food-prossessor er, så her slo eg to fluger i ein smekk!
Spiralloff
(2 brød)
 
2 ms margarin/olje
3 dl mjølk/vatn
 
½ pk gjær
 
1 egg
½ ts salt
½ ts sukker
ca 8 dl kveitemjøl
 
Slik gjer vi:
NB! Bruk foodprosessor.
  1. Smuldr gjæren i bollen.
  1. Varm væska til 37 grader.  Hell ho i bollen.
  1. Ha i resten av ingrediensane.
  1. Køyr foodprosessoren til du har fått ein god klump. Ha i meir mjøl om nødvendig.
  1. Lat deigen heve ca 30 minutt i maskina.  Smør formene.  Set omnen på 200 grader.
  1. ”Slå ned” deigen med maskina d.v.s. lat henne gå nokre sekund.
  1. Del deigen i to og form avlange brød.  Legg brøda i formene og fest på loka.
  1. Hev brøda i 30 minutt.
  2. Steik brøda i 30 minutt.  Sjekk fargen før du kvelvar dei på rist.
 

6 kommentarer:

  1. Eg meiner at eg har/ har hatt eit par slike former.

    SvarSlett
  2. Det er kanskje namnet Foodprosessor som er framandt, trur
    nok dei finns i mange heimar. Eg lika best å bake i større
    kjøkenmaskin. Det blir fine skiver når brøda er laga i spiralformer, kjekt at elevane får lære og oppleve.
    Du har ein spennande jobb !
    God helg, eg skal på Høddvoll no, barnebarn spelar NM-kamp G16..

    SvarSlett
    Svar
    1. Brød liker eg og å lage i stor maskin. Foodprosessoren passar akkurat til 2 spiralloffar, noko som er nok på skulekjøkenet.
      Heia Hødd?- eller Hasund?

      Slett
    2. Denne dagen var det Hødd, har to barnebarn som spela der og to som spela på Hasundgot så eg må halde tunga beint i munnen når eg heiar.
      Det kvislekvasla seg då me var på Norway Cup, ropte feil :)

      Slett
  3. Flott. Jeg har funnet min form. Nu, i gang! Leste et sted at noen brukte honning i stedet for sukker. Det skal je prøve.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...