onsdag 6. april 2016

Sletta?

I går oppdaga vi at vi ikkje hadde opptak av første episode av "Siste utvei".  Ingen av blogglesarane har stemt på den.  Eg har fått høyrt av ein at den ikkje var noko særleg. Dermed tek eg det med knusande ro.  Det vart til at vi heller begynte å sjå "Shetland". Den serien starta eg opptak av då mannen var i Italia i fire veker. No kan vi sjå ein episode kvar kveld om vi vil.

Om nokon ikkje har stemt på årets påskekrim, så har dei fem dagar att!

1 kommentar:

  1. Ærleg talt synest eg ikkje så mykje om nokon av krimepisodane eg såg, men Shetland såg eg-mest på grunn av naturbilda. Synest ikkje krim er så spennande lenger.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...