søndag 10. april 2016

10. april

I går var eg ute i hagen i fleire timar, men då gløymde eg å fotografere.  I dag har vi hatt ein heilt nydeleg og solrik dag.  Eg har kuleprimula i fleire fargar, men denne verkar mest robust. han kjem først kvart år.
Slike små påskeliljer har eg og rikeleg av i år.  eg har ein mistanke om at eg kjøpte mange i fjor, både til bruk inne, ute og på grava.  Eg trur dei kjem att berre eitt år?  Har eg like mange neste år, varer dei lenger, for i år har eg valt andre løkplantar.
Desse primulaene er trufaste.
Rabarbra!  Eg gler meg til grunnlovsdessert og kaker!
Så kjem den planten eg er mest kry av! Viss de ser godt etter, ser de at Aloharosestiklingen har røta seg.  der er ein liten knupp. På seinsommaren sette eg nokre roser i jorda.  Vinteren har vore kald til tider, men ei rose overlevde! Ho skal få stå litt til før eg har henne i ei krukke. 

1 kommentar:

  1. Herlege dagar! Det ER vår!!
    Og så stor rabarbraen din er komen :-)

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...