lørdag 25. desember 2010

1. juledag: Vis meg ...


... bordet ditt, og eg skal seie deg kven du er?  I dag har eg funne fram ein juleduk som eg kjøpte etter jula i fjor på -70% på Kid.  Det vil seie, eg kjøpte like godt like dukar til alle borda mine.  Serviettane med julesongnotar på, fann eg på Nille til 5 kr pakken.  På menyen i dag stod lutefisk i tillegg til restar frå i går.  
 ... julegåvene dine, og eg skal seie deg kven du er?  Blogglesarane får ikkje sjå alt eg har fått, berre eit par smakebitar i dag.  Eg ser ikkje vekk frå at fleire kjem på bloggen seinare, spesielt slike som krev litt aktivitet. Denne quiz(eg gler meg til det vert lovleg å skrive kviss)-boka inneheld akkurat den type spørsmål og svar som eg synest er interessante.
 Bok under er eit lite spark til meg.  Eg har nok irritert på meg ein del folk med å vere noko påståeleg i spøkelsessaka.  Eg har aldri meint å såre nokon, berre "misbedømt" mitt publikum.  Ein bør ikkje le av det andre tek alvorleg.  Det var sjølvsagt det berømte TV-programmet som utløyste diskusjonen.
Eg reknar med at dei fleste blogglesarane har fått mykje å kose seg med i dag.  Her går det i spel, bøker, filmar og musikk.

1 kommentar:

  1. Den Quiz-boka har eg omtalt på min blogg, men no kjem eg til å nekte å skrive kviss same kor lovlig det blir, for eg har endelig lært meg å skrive ordet rett.
    Når det gjeld spøkelse og desslike kjem eg aldri til å tru på dei.Og eg krev retten til å mobbe dei som bit på spøkelseshistoriene på TV-hugsar ikkje kva kanal det er. Mellomalderen er slutt!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...