onsdag 9. november 2011

Lefsebaking med besteforeldre

Eg bruker å kalle denne veka for lefsebakeveka. Kvart år inviterer vi besteforeldre til å vere med oss på skulekjøkenet og bake lefser.

Kvart år gjer ein seg nokre refleksjonar.  I år kom det til dømes ei bestemor som ikkje er stort eldre enn meg sjølv!  Slikt vert det vel meir av framover.

I går la eg ut eit lite hjartesukk på facebook over at TV2 startar opp ny sesong av "Då damene dro".  Blogglesarane veit kva eg meiner om dette programmet - som eg rett nok ikkje ser.  Det gledde meg derfor spesielt at det dukka opp ein kompetent bestefar og baka lefser saman med oss i dag.  Han kvidde seg verken på å ta i deigen eller å rettleie ungdomane.  Eg takka han spesielt  for å vere eit godt forbilde! Menn kan!

For ordens skuld: Vi har bestefedre med oss kvart år.  Dei kjem helst saman med kona, men det har og kome menn åleine.  I nokre familiar sender dei oldemødre fordi bestemødrene er på jobb. I andre familiar sender dei tanter eller gamletanter - alle er like velkomne!

4 kommentarer:

  1. Og eg, som er bestemor, har ikkje ein gong vorte oppmoda om å kome på lefsebaking. Det må ha ein grunn! ?

    SvarSlett
  2. Ikkje som eg veit om. Det ville for øvrig vere ei skam om læraren kom dragande med ei mor som aldri har bakt ei lefse i heile sitt lange liv. Og som heller ikkje har tenkt å gjere det.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...