søndag 20. november 2011

20.november - ute og inne

 I dag er det Moldekamp, så det vart tidleg middag.
 Menyen var enkel: Kyllinglår, ris , salat og saus.  Hermetisk frukt med krem og fruktkake til dessert.
 I går skulle eg sjå til platane mine i "nyestova".  Då oppdaga eg at novemberkaktusane mine står i full blomst.
 Dei er plasserte rundt om i stova.  eg har mest av ein farge som eg tok stiklingar av for nokre år sidan.  Dei er lette å formeire om ein gidd.
 Kuldedagane tok ikkje knekken på ringblomstrane.
 Vert det mildt framover, kan det bli fleire roser.
 Eg er glad eg ikkje kasta utepotteplantane i haustferien.
 Hengeplante i full blomst.
 Denne er like fin.
Fuksiaen står med 100 knoppar.

Om ei veke er det første søndag i advent.

1 kommentar:

  1. Eg fann to novemberkaktusar nede i kjellaren, fulle av knoppar. Eg tok dei opp i stova, så no er eg spent på om dei kastar knoppane eller....
    Ute er det ikkje mykje stas no lenger.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...