onsdag 16. november 2011

Då mannen drog ...

 ... til fjells saman med dottera, ringte dei frå butikken og fortalde at Riks-TV-boksen hadde kome.  Han snudde på Grimstad, gav meg beskjed om å rykke ut låneboksen og stå klar.  Det gjorde eg sjølvsagt.  Her nærma det seg stengetid.

Eg fekk høyre at det hadde vore ein fordel om TV-en stod på når han kom heim frå fjellet.  Under mottoet "Kor vanskeleg kan det vere?", gav eg meg i kast med boksen og bruksanvisninga.  Arbeidsdelinga her i familien bruker å vere at han riggar til, og så tek eg fjernkontrollen og tek det derifrå.

Ein kan ikkje gjere narr av program som "Da damene dro", og så vere like hjelpelaus den andre vegen, meiner no eg.
 Å plugge inn boksen var det enklaste.  TV-en  reagerte som han skulle og NRK var på plass ganske raskt.  Men så mangla ørten kanalar.  Då kom eg på den gongen eg ringte til Riks-TV for at dei skulle få sjå fleire kanalar i kjellaren.  Dei må ha nummer på kortet og boksen.  Det ordna seg med ein telefonsamtale.
Så fekk eg høyre at det hadde vore eit veddemål på turen heim frå fjellturen om mor ville greie dette.  Dei hadde trudd på svart skjerm!

"Nød lærer nøgen kvinne at spinne", seier no eg.

2 kommentarer:

  1. Flott, Solveig. Du er ein teknisk begavelse, du må ha nokon å likne på.Eg skal innrømme at eg helst unngår slike utfordringar, men eg er blitt LITT flnkare å lese bruksanvisningar.Det er faktisk ikkje så dumt!Du må kanskje ta deg ein tur når vi skal over på fiber?

    SvarSlett
  2. Må ein, så må ein. Eg bruker å seie til meg sjølv at eg må få til slikt som "folk flest" får til. Det hjelper, trur eg. Ein må fjerne sperrene før ein set i gang.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...