fredag 18. november 2011

Bakepapir

Eg hadde lova frøkna ein liten bytur i dag. Postkassa har vore full av julekatalogar denne veka.  Det er visst på tide å begynne å planlegge jula.  Sjølv har eg ikkje kjøpt ei einaste julegåve enno.  Hausten har vore så fin at både advent og jul har virka fjernt.  I dag har vi hatt ein slik mørk novemberdag som vi har vore sparte for til no.

Eg hadde eitt ærend i byen, og det var fort unnagjort.  Elles vart det ein del kiking, eller sondering om ein vil. Ungdomsbutikken skulle få inn mange kjolar neste veke fekk vi vite.

Men mat må ein ha! På Mega fann eg Edamerost.  Det er yndlingsosten min, og eg kjøper Edamer heile året. Om den framleis er laga i Ørsta, veit eg ikkje.

Dagens løp-og-kjøp-tips får bli bakepapira som ein no får 3 for 69 på Coop.  Dei er svarte, men eg reknar med at dei er av same kvalitet som dei brune.  På skulekjøkenet bakar vi mykje, og vi sparer fort inn att desse arka.

2 kommentarer:

  1. Før brukte eg å kjøpe Edamerost til ei jul og ha i kjøleskapet til neste. Då er den dobbelt så god. No får ein kjøpt lagra Edamer(svart) viss ein vil ha.Sant å seie er eg ikkje heilt sikker på om dei lagar den i Ørsta lenger.Meieria blir stadig meir spesialiserte.

    SvarSlett
  2. Og her fann eg ikkje Edamer på Prix. Eg håper det betyr at dei snart får inn rimeleg i store mengder. Her varer dei ikkje til neste jul uansett, men eg bruker å kjøpe å ha liggande.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...