fredag 25. november 2011

Bok 57: Blitz

Ei 14 år gamal jente forsvinn etter at ho har late seg fotografere avkledd i bladet "Blitz".  Ein ung gut tek seg av sin kreftsjuke far, men vert lokka til å vere medhjelpar til eit ran.

Her er personar som vil andre til livs, men bommar på målet.  Nokre er berre opptekne av pengar, medan andre er opptekne av hemn.  Når ein vil drepe nokon, er det ein fordel å drepe rett mann.

Dei som skal løyse gåtene er både politi og journalistar.

For meg er dette grei underhaldning, ikkje noko meir.  Her er litt mange ballar i lufta etter min smak.  Løysinga er grei, men ikkje uventa.

Det kan hende eg gjer urett mot romanen.  Om dette er ei bok i ein serie, kan det hende ein burde ha lese dei i rekkjefølgje.

3 kommentarer:

  1. For lenge sidan las eg ei bok av denne forfattaren. Eg hugsar at eg likte den, men ikkje kva den handla om.

    SvarSlett
  2. Eg har lese fleire romanar av Fredrik Skagen. Har sansen for dei absurde situasjonane mange av hovudpersonane ofte kjem i. Blitz har eg ikkje lese.
    NRK sendte forøvrig serien "God natt, elskede" for to-tre år sidan. Ei ypperlig dramatisering av Skagen-boka ved same namn. Fornøyeleg krim-underhaldning om ein pianostemmer som dumpar over eit større ransbeløp.

    SvarSlett
  3. Ja, den hugsar eg! Trur eg har lese boka og. Eg synest der er gode menneskeskildringar innimellom. I Blitz står også eit ransutbytte sentralt i historia.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...