fredag 28. februar 2014

Hobbyrom

 Det som til no har vore datarommet i huset, skal halde fram å vere det.  Men no har mannen pussa det opp og sett saman BBB-reolen.

Før var det furupanel og blåmala tapet, noko som var fint på nittitalet.  No ønska vi eit lysare rom.  Noko betre hyllesystem når ein vil ha mykje plass, fann vi ikkje. Elles er eg glad i hjørneskåp.  Dei rommar mykje,  Det er også greitt med skuffer.  Den eine skuffeseksjonen tenker eg til skrivesaker og papir, den andre til hobbyting som strikkepinnar og anna.
Rommet skal og få nytt teppe og nye gardiner.  Eg ser for meg noko i grått?

No skal det vaskast før eg fyller hyllene.  Det er ikkje få kokebøker, hobbybøker og hagebøker rundt om i hyllene våre.

4 kommentarer:

  1. Så fint! Kjekt med litt endring.
    Reknar med det er mange ulike bøker i huset :-)

    Ha fin helg!

    SvarSlett
  2. Det skal vere sikkert og visst. Forfattaren har sitt eige bibliotek/kkontor. No faå eg mitt rom.

    SvarSlett
  3. Godt med et skikkelig kontor/hobbyrom.
    Dette kommer til å bli bra.
    Ha ei herlig helg :)

    SvarSlett
  4. Me ville ha hyller på badet, og enda opp med BBB-varianten. Så då har me hyller frå (19)70-talet som er supplert med nye, like hyller ca 35 år etter! Syns det er litt koseleg at noko varer og varer. Elles er jo String-hyller stilige, men dei er vel til lettare ting. String-hyller er vel også ein klassikar? God søndagskveld frå Cilla.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...