lørdag 22. februar 2014

Gratulerer Audun!

I dag kan vi gratulere Audun med 24-årsdagen!  I år var det kjekt at han var heime på dagen sin, og at vi kunne feire den saman med besteforeldra!  Eg fekk beskjed om at midden måtte serverast presis klokka tre slik at vi rakk å sjå skiskyttarstafetten.  Kaker og meir kaffi vart servert etter den.
Dette bildet dukka opp på facebook.  Eg tippar han feira saman med farfaren som var akkurat 75 år eldre?
Om nokon vil sjå tidlegare helsingar fin de dei her og her. Ein kan klikke seg heilt attende til 18-årsdagen hans.

1 kommentar:

  1. Gratulerer med Audun! Eg hugsar den dagen han vart fødd, då Harald og Ruth kom til Kristiansand på besøk og fortalde det til oss på flyplassen. Eg sprang frå heile besøket for å finne ein telefonkiosk og ringe heim for å få alle detaljar. Han var og er ein herleg fyr!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...