Ein dag eg var sjåfør til Lefdal, såg eg ei smart oppfinning, nemleg ein K-spade som bade rører og er slikkepott samtidig. Det er ikkje det aty eg bakar så mange kaker, men når eg gjer det, irriterer det meg at eg må stå med slikkepotten både titt og ofte. Og sidan det nærma seg morsdag, var det vel lov å ønske seg!
Først i dag har eg prøvd ut vedunderet. Det einaste problemet eg fekk, var før eg kom i gang. Sidan mi maskin er nokre år, måtte eg bytte ut øvste delen med den gamle. Vispen ville ikkje feste seg. Eg brukte den reiskapen som følgde med til justering. Det gjekk greitt. Maskina rørte smør og sukker lett og luftig, og eg kunne ha i egga eitt og eitt utan å måtte ty til slikkepotten. Eg bruker å kakke alle egga og ha dei i eit halvlitermål, og så heller eg frå det.
Om nokon lurer på prisen, så kosta den 599 kroner på Lefdal i Ulsteinvik. (Der fekk dei litt gratis reklame...)
Smart :-)
SvarSlettGod helg!
Det var lurt.
SvarSlettTakk for koseleg kommentar til menyen vår.
Det var kjekt å delegere oppgåver i matlaginga.
Borna likar å hjelpe til.
God helg !