Vi har fått mange fine ord, mange gode klemmar, hjarte på facebook og fine plantar. Vi har sett stor pris på alt. Folk er utruleg omtenksame, og mange bryr seg. Eg har vorte overvelda.
Eg samla plantane på kjøkenbordet dei første dagane. Det var godt å gå og sjå på dei. i ettermiddag har eg sett dei rundt i heimen der eg synest dei høver best. Eg skal ta godt vare på alle!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar