søndag 3. juli 2011

3. juli

 Sidan eg var ti år har eg stort sett halde ein lav profil på fødselsdagen min.  Ofte har eg vore på camping i Sverige. Då mobilen kom, fekk eg fleire helsingar.  Etter eg vart med på facebook, har det tatt heilt av.  I år fall dagen på ein søndag, og det passa godt å invitere slekta!
 Bordet er ikkje stort nok til alle, så nokre et på kjøkenet og andre i stova.  I går var eg på Brudevoll og kjøpte kraftbein og oksekjøt til kjøtsuppe. Elles laga eg kjøtbollar av fire pakkar kjøtdeig.  Det er ofte meir populært enn kjøt, har eg funne ut.
Som kjent har eg ei stor serviettsamling.  Likevel kjøpte eg desse førre veke med tanke på fødselsdagen min. Eg fekk spørsmål om skeia skal ligge der.  Det veit eg ikkje! Eg la berre skeiene der eg syntest var best.  I ei bordekkebok eg ikkje finn i farta, meiner eg det var presentert dekkereglar for ulike land.
Ein gong i året unner eg meg ein peonbukett frå hagen.
Det måtte bli rund karamellpudding i dag, sidan eg hadde lagt sviskekake på det avlange.  Den var utruleg god, om eg skal seie det sjølv, takka vere gode gardsegg.  Frøkna hadde laga to sortar gele med bær.  Ungane ville helst ha vaniljeis med nonstop, daimcrisp og sjokoladesaus.

Dei fleste gjestene stakk på Høddkamp mellom måltida.  3-0 var vel eit fint resultat!

6 kommentarer:

  1. Takk for ein hyggelig dag med (altfor) mykje god mat.No er vi heime att til TV og meir fotball.

    SvarSlett
  2. No er det vel to mot ein der inne!

    SvarSlett
  3. Då må eg altså vere anonym i dag! Forstå det den som kan. Vel, det eg ville seie, var at eg har tenkt på deg i dag. Eg hugsar datoen din frå eg var 10 år gammal, då vi kom i same slekta på eit vis. Eg tykkjer du har ein kjempefin blogg, veldig inspirerande å lese, varierte innlegg, og ekstra kjekt når ein kjenner bloggaren!
    Vi skulle funne eit høve å treffast igjen, kom gjerne hit på besøk om de er i farta! Elin.

    SvarSlett
  4. Takk for ein koseleg dag med masse deilig mat og hyggeleg prat!

    SvarSlett
  5. Takk alle saman! I morgon vert det planting!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...