onsdag 27. juli 2011

Solveigs sveler

Eg veit at mange bruker sveleoppskrifta på gamlebloggen min.  Sjølv sjekkar eg den også, for det er ikkje så ofte eg steiker sveler.  Men eg har alltid kulturmjølk og egg i hus om nokon skulle kome innom.

Kva skil den frå MRF-oppskrifta?
For det første så liker eg ikkje koppemål.  Eg irriterer meg over dei som skriv kopp eller putt når dei lagar kokebøker.  Det ligg vel til yrket mitt.  

Elles ser eg ingen grunn til å spare på egga.  I MRF-oppskrifta er der lik mengde hornsalt og natron, eg vil ikkje risikere at svelene smakar hornsalt.

Ein del oppskrifter på sveler i kokebøker, og slike som ein må lage der folk vil bestemme oppskrifta, inneheld altfor mykje sukker.  Då forsvinn dei andre smakane.
Sveler (20 stk)
6 egg
1 1/2 dl sukker

1 l kulturmjølk (mørk blå, kefir vert for tamt)
1 l kveitemjøl
1 1/2 ts natron
1/2 ts hornsalt

75 g (meieri!) smør
Rør saman ingrediensane.  Ein kan piske egg og sukker i maskina først om ein vil.
Alle rører bør stå og svelle 1/2 time.  Skal røra stå lenger, kan det vere lurt å vente med hevemiddelet.

Steiking
Eg har ei stor takke.  Den set eg først på fullt i 5 minutt, og så skrur eg den litt ned.  Ein legg ei og ei ause med røre. Svelene er klare til å snu når dei har bobler over det heile og fargen er fin.

Servering
Eg sverger til smør og sukker ...

4 kommentarer:

  1. I dag har eg og Aron vore ein tur på Eid og kosa oss i Hildegard-hagen. Sjølv var eg innom Reidun Strand og kjøpte noko labbegarn, og innom Interoptikk og kjøpte polaroid solbriller til å ha utanpå vanlege briller (halv pris, inspirasjon Audny, Bodil kjøpte også!) Takk for oppskrifta på ny blogg, var innom den gamle for nokre veker sidan. Eg har berre takke på plata, der får eg plass til 3 sveler. Skal kjøpe ei skikkeleg takke (men no har no feriepengane røke), litt usikker på storleik eg skal velge. Så godt å lese om bollane du ga bort, ja, det var verkeleg ein god ide. Eg har fått sommarforkjøling, det er litt kjipt, men ein bagatell i den store samanhengen.
    Elin.

    SvarSlett
  2. Dei fleste har såkalla lita takke, men eg er glad for at eg har stor. Prisskilnaden er ikkje så stor viss ein har plass...

    SvarSlett
  3. Det er desse erfaringane ein gjer seg som kan vere greie for dei erfarne, tenker eg, og så kan dei uerfarne få det inn litt enkelt.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...