mandag 4. juli 2011

Fornuftig?

I fødselsdagshelsinga frå mor mi kom ho inn på kor fornuftig eg er.  Og det er nok stort sett sant.  Storesystre har nok noko til felles. Ein får tidleg ansvar for seg sjølv og andre.  Og kanskje ein liker reglar, i alle fall dei ein lagar for dei små?

Her i huset har det vel vore som i dei fleste heimar.  Den eldste får mest oppseding, og så ser ein det går bra, og dei andre slepp vel litt billegare unna.  Foreldre er redde ulike ting.  Sjølv har eg respekt for trafikken.  Det er der eg ser for meg ulykker.  Ingen born her slapp unna sykkelhjelm.  Der var vi mødrene i gata samstemde.

Men kva med meg sjølv?  På facebook dukkar det opp "slikt vi overlevde" der ein ramsar opp ting som vår generasjon vaks opp med.  Vi overlevde utan barnehage - og utan sykkelhjelm.  Ein av grunnane til at eg ikkje skriv "lik dette" er at der truleg er nokon der ute som har opplevd at folk i deira familie ikkje har overlevd.  Kanskje nokon kunne vore redda viss dei hadde brukt hjelm?  Ein eg kjenner godt brukte heldigvis hjelm på ein skjebnesvanger sykkelturtur i fjor.

Sjølv syklar eg til jobb kvar dag, og har overlevd utan hjelm.  Ikkje tenker eg over at nokon bryr seg heller.  Men så var eg utan bil her i juni, og sykla fram på Nesset for å treffe klasse 10A.  Fleire elevar passerte meg på moped - dei med hjelm.  Andre vart køyrde av foreldra sine og passerte meg på sykkel - eg utan hjelm.  Då følte eg at folk såg på meg.  For eit føredøme!

Så då det vart spørsmål om kva eg ønska meg til fødselsdagen min, vart svaret; sykkelhjelm.  No kan eg trygt sykle meg turar rundt i kommunen i sommar. Viss eg skulle kome ut for eit sykkeluhell, så har eg i alle fall gjort mitt beste for å førebygge skadar.

Om eg skal bruke hjelm til jobb? Tja ... Kor lange er ikkje alle desse små sykkelturane til saman, og kor mange "bilar" ser meg ikkje kvar dag passere riksvegen ein gong mellom halv åtte og åtte, midt i verste rushtrafikken?  Kanskje eg skal ta til fornuft?

3 kommentarer:

  1. Som lærar i barneskulen hadde eg også ansvart for trafikkopplæring og trening til "sykkelsertifikat". Då gikk det ikkje an å sjølv sykle utan hjelm. Så eg har ein lyseblå (litt gammaldags) sykkelhjelm liggande om nokon skulle trenge den. Som du veit sykla eg til skulen i alle år, så sant det ikkje var snø eller glatt. Med hjelm!

    SvarSlett
  2. Gratulere!
    eit fonuftig val :-)

    SvarSlett
  3. Eg skal vere klassestyrar til hausten, så det kan vel bli ein sykkeltur på meg og.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...