fredag 22. juli 2011

22. juli 2011

Denne datoen kjem nok til å gå inn i norsk historie som ein svært trist dag.  Eg kjenner meg matt og fysisk kvalm.  Det vi har frykta skal skje, skjer.

Vi har allereie sett nyheiter på NRK, TV2 og BBC i fleire timar, og det vert vel nokre til. Blogginnlegget eg hadde planlagt i dag, får kome ein annan dag.

Bildet er av den gamle Peacerosa  mi.  Eg trudde ho hadde frose i hel.

6 kommentarer:

  1. 9-11 forandra verda. Fiendebildet vart eit anna enn det vi hadde frå før.Og ingen ting var trygt lenger.
    Tida går og vi venner oss til den nye situasjonen.
    7-22 blir den dagen då "annleis-landet Norge"- ikkje lenger var den trygge, idylliske oasen som vi har likt å tru det var. Har venta, og frykta, denne dagen.

    SvarSlett
  2. PEACE-rosa passa godt som illustrasjon i dag.

    SvarSlett
  3. Kvar er vel seg sjølv nærast, og eg har tenkt mitt kring Norway Cup kvart år. Men let vi oss skræme, oppnår terroristane det dei vil. Vi må leve.
    BBC kritiserte Norge for å ikkje ha bombesikre vindauge, ein "film" på vindauga kan hindre dei i å splintre seg viss eg forstod det rett.

    SvarSlett
  4. Nydeleg illustrasjon. Ein forferdeleg dag.

    SvarSlett
  5. Ja, denne dagen vil nok gå inn i historia som ein svart dag.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...