I dag vert det vel pakka rundt om i landet. Mange unge fotballspelarar vender nasen mot hovudstaden. Sidan eg ikkje har greie på fotball generelt, og fotballsko spesielt, venta frøkna til faren kom heim og kunne hjelpe henne å skaffe nye grassko.
I morgon reiser dei med buss og tog, og sikkert buss igjen. Det første dei får vere med på, er rosetog. Norway Cup vert nok noko heilt spesielt i år. Når avgjerda er tatt om at turneringa skal gå, er det viktig at folk sluttar opp om den.
Hareidsgjengen kan de lese meir om her.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar