Denne boka oppdaga eg då eg skulle rydde musikkfilene på datamaskina. Eg såg at mor mi synest den var spennande, men var usikker på om det var stor litteratur. Noko av den same kjensla sit eg att med.
Dette kan ein lese på coveret:
Gil Adamson forener elegant den historiske romanen, den litterære western og den gotiske fortellingen. Året er 1903. To tvillingbrødre med børse over skulderen forfølger en ung kvinne gjennom Canadas ødemark. Mary Boulton er 19 år og enke. Hun har drept ektemannen og er på flukt. Mennene er hennes svogre - store, kraftige og med rødt hår. De søker hevn og kommer i hælene på henne hvor hun enn beveger seg. Det eneste Mary får med seg da hun rømmer gården er Bibelen med merkelige tegn i margen. I fjellene er hun på alle måter i ukjent terreng. Hun kan sine bibelvers, men vet ikke hvordan man finner veien. Hun kan brodere, men vet ikke hva som er spiselig i naturen. Så dukker Fjellfanten opp; også han har grunner til å holde seg unna mennesker.
Viss dette hadde vore ein film, ville han vel ha kome i kategorien roadmovie. Vi får vite at denne enka er på flukt. Ho er i sørgjekle og har nokon etter seg. Langs denne fluktruta får vi avdekt meir og meir av historia hennar. Vi får vite kva ho har gjort og kven som er etter henne. Ulike personar hjelper henne.
Eg har sansen for forteljarmåten. Mange amerikanske bestseljande forfattarar er allvitande og understrekar poenga sine med å gjenta seg sjølv med eit klissete språk. Det gjer ikkje denne forfattaren. Ho let heller vere å gå i detaljar. Vi veit ikkje heilt kva alle tenker. Det skulle ikkje forundre meg om ho har lese Hamsun.
Les gjerne denne boka, og gjer deg opp di eiga meining.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar