mandag 25. juli 2011

25. juli

Det er mange som har si historie når det skjer ein tragedie.  Det er alltid ein som ikkje rakk flyet som styrta eller som skulle vore med toget som kolliderte.

I vår familie hadde niese/søskenbarn tenkt seg avgarde til Utøya.  Dette fortalde ho då vi feira frøkna sin fødselsdag. Men så vart det bestilt tur til Tyrkia i staden.  Eg har ikkje greidd å tenke tanken heilt ut, viss ...  Så veit vi at for mange, mellom anna ei venninne av henne, så er dette verkelegheita.  Ho har ikkje kome att.

Det vart naturleg for oss å delta i markeringa i Ørsta i staden for Ålesund.  No høyrer vi at ein heiv seg rundt eit par timar før i Ulsteinvik også, slik at det vart tog der.

I Ørsta såg vi ikkje enden på toget.  Vi les no at 3500 gjekk i fakkel- og  rosetoget.  Vi gjekk ganske langt framme, så på bildet ser de berre dei første rosene.

Frå Facebook:
En tysk avisartikkel sier: "Selv i sin dypeste sorg blir nordmenn ikke hysteriske. De motstår hatet. Det er utrolig å se hvordan politikere og hele landet reagerer. De er triste til det dypeste tråd av deres sjeler. De gråter i verdighet. Men ingen sverger å ta hevn. Isteden ønsker de enda mer menneskelighet og demokrati. Det er en av de mest bemerkelsesverdige sterke sidene ved det lille landet. ".

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...