søndag 10. juli 2011

Grovbrød frå Jans mat- og vinhus i Stavanger

 Schakenda fortel at dei laga desse brøda kvar einaste dag dei to åra han jobba der.  Valsa rug som skal skåldast er ein viktig ingrediens som ein altså får kjøpt på Mylna i Volda.

Eg laga dobbel porsjon i dag.  Den eine porsjonen laga eg 16 rundstykke av.  Brøda vart luftige og gode.  Det er både egg og smør i oppskrifta.  Den torer eg ikkje å legge ut på bloggen.  Men eg veit at mange blogglesarar har Scakenda si bakebok. De finn opskrifta side 87.

Det gjekk greit å skjere det første snittet i brøda etter at dei hadde heva 15 minutt.  Ein annan gong vil eg skjere dei med ein gong før heving.

1 kommentar:

  1. Bøda såg gode ut, men her kan vi ikkje ha så god mat.Dessutan er eg gør-lat og gidd ikkje å bake ein gong.I dag har eg berre lese og strikka lester.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...