onsdag 13. juli 2011

Bok 35: Maleren fra Shanghai- ei storarta lesaroppleving?

 Eg fekk låne denne boka av mor mi.  Ho meinte ein ville ha større utbytte av boka om ein googla henne først.   Etter ein CD ville eg legge frå meg heile boka.  Orkar eg dette?  No vil kanskje blogglesarar innvende at eg er ikkje skvetten når det gjeld krim.

Då eg hadde googla boka og sett at den var basert på livet til ein kjend kinesisk kunstmålar, bestemte eg meg for å lese ferdig.  Skildringane i boka er ikkje fæle.  Men lesaren er utstyrt med fantasi.

Den 14 år gamle Yuliang vert seld til eit bordell for å dekke gjelda til den opiumsavhengige onkelen hennar.  Det er eit tøft miljø som vert skildra.  Vidare kjem ho seg ut av dette og inn i eit kunstnarmiljø.  Vegen går til Paris. Noko meir av handlinga vil eg ikkje røpe.
 Viktig i forteljinga er dei konroversielle måleria hennar.  Klikk dykk inn og sjå fleire her.

Dette er ei bok som det er vel verdt å lese!  Men ein må vere budd på "sterke scener".  Når eg rundt nyttår skal kåre "Årets bok", ser eg ikkje vekk frå at denne stiller sterkt.

3 kommentarer:

  1. Eg fekk ikkje noko stort utbytte av boka, sidan eg ikkje visste før etterpå at det var ei sann historie. Det er faktisk viktig i dette tilfellet.Då hadde eg lese den på ein heilt annan måte

    SvarSlett
  2. Eg hadde lagt den frå meg om det ikkje hadde vore det. Dama må ha vore noko heilt for seg sjølv.

    SvarSlett
  3. Hei! Oppdaga bloggen din i dag da jeg leita etter ei oppskrift på marmorkake - av alle ting! :) Jeg leste denne boka tidligere i år, og må si den er noe av det bedre jeg har lest, klarte ikke legge den fra meg! I den engelske versjonen står det bakpå boka at den er basert på en sann historie, men jeg lette ikke etter info før jeg hadde lest en del... Må ha levd et utrolig liv den dama, og forfatteren har virkelig satt seg inn i historien, virker det som om....
    Nå skal jeg lage marmorkake! :)

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...