mandag 18. juli 2011

Bok 36: Politi og røver

Då eg såg denne boka på biblioteket torsdag, var det noko kjent med tittelen.  På framsida stod det "Brageprisvinnar" . Då eg kom heim såg eg at det var ein dokomentarroman om det kriminelle miljøet som vaks fram på Tveitasenteret på 70-talet, og enda med Nokasranet.

For å seie det rett ut, så er ikkje dette mitt interesseområde.  Eg hadde tenkt meg ei underhaldande krimbok. Men eg bestemte meg for å gi boka ein sjanse.

Eg vart rett og slett fascinert!  Forfattaren har gjort grundig research.  Ein stor del av boka er intervju. Forfattaren viser og til forsking.  Det er interessant å sjå verda frå både politimannen og skurkane si side.

Politimannen, no TV2 sin krimekspert, Johnny Brenna er spanar i det kriminelle miljøet.  Dei veit om han og respekterer han.
Det er tøffe karar det er snakk om.  Og dei er ikkje nådige når dei skildrar andre menn.

Boka er interessant og har absolutt underhaldningsverdi.  Viss eg skulle gi den eit lite minus, så må det vere at ein av og til føler av forfattaren gjentek seg sjølv.  Poenget er kanskje at dei ulike personane har same syn i enkelte saker.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...