tirsdag 12. juli 2011

Uansett ver - det er alltid noko å gjer'

Dette er mottoet mitt i sommar.  I dag starta eg dagen med å fyre opp i vedomnen, rett nok berre med rusk.  Temperaturen var 10 grader.

Det har vorte tid til hagearbeid, baking, diverse husarbeid og ikkje minst tysdagstur. Og jammen fekk vi ikkje eit par timar sol på altanen også.  No ventar fruene. Sommaren er ikkje så verst.

3 kommentarer:

  1. Det var eit godt motto!
    Passa også særs godt denne sommaren..
    Eg og har det slik, har alltid noko å gjere, kjedar med aldri.. Og det er eg glad for :)

    Vakkert bilde du delar.

    Klem frå Astrid ♥

    SvarSlett
  2. Det er heilt sant! Det er ingen vits i å sture over veret, det er alltid noko som skal gjerast! Og i dårleg ver er det jo fint å vere inne;) Seier ho som sit på altanen i Tyrkia og har 26 grader ved midnatt.... ;)

    SvarSlett
  3. Kjedar meg gjer eg heller aldri heime. Det er mykje eg har lyst å gjere, og dagane går fort!

    Ein kan bli lei av dårleg ver. Eg plar seie at det burde vere forbode å melde regn i ti dagar i ferien ... Men får ein sole seg ein time eller to om dagen, så er det flotte greier, i alle fall som ein start.

    Temperaturar over 32 grader taklar eg ikkje. Det er verre å sveitte enn å fryse. frys ein, kan ein kle av seg. Ein må i alle fall ha tilgang på vatn skal ein tole temperaturer opp mot 40 grader!

    Men det er godt med ferie i utlandet og kunne gå ut og ete m.m. Kos dykk!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...