lørdag 23. juli 2011

23. juli



Vi vakna opp til dødstal høgare enn venta.  Framleis er det mykje vi ikkje veit.  Eg har sett på nyheiter i heile dag.  Heile verda ser mot Noreg. Vi eig ikkje ord.  


Det vert oppmoda om bloggpause.  Handarbeid og matlaging vert ikkje viktig i ei slik tid.  Men det må vere lov å uttrykke tankar om det som skjer.  Mange deler dikt.  Dikt seier mykje med få ord.  


Det diktet som eg kom til å tenke på, er Halldis Moren Vesaas sitt dikt "Tung tids tale". 

Tung tids tale
Det heiter ikkje: eg - no lenger.
Heretter heiter det: vi.
Eig du lykka så er ho ikkje lenger
berre di.
Alt det som bror din kan ta imot
av lykka di, må du gi.

Alt du kan løfte av børa til bror din,
må du ta på deg.
Det er mange ikring deg som frys,
ver du eit bål, strål varme ifrå deg!

Hender finn hender, herd stør herd,
barm slår varmt imot barm.
Det hjelper da litt, nokre få forfrosne,
at du er varm!

Frå Tung tids tale, 1945

1 kommentar:

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...