mandag 12. september 2011

Sparkbak.no

Ein gjeng har no meldt seg på dytt.no , eller sparkbak.no som eg kallar det.  Målet er å få folk til å gå minst 10 000 steg om dagen. Eg har hatt skritteljar fleire gonger før.  Til slutt gjev han opp, teljaren altså.

Konkurransen startar ikkje før den 15. Men eg har starta oppladinga. Torsdag gjekk det fint. Eg gjekk og teljaren kom lett opp i 10 000 steg.  Fredag gjekk eg på jobb i staden for å sykle for å få ein god start på dagen.  Vel framme på jobb målte teljaren 358 steg.  Det var like før eg heiv han veggimellom.

Viss magen er i vegen
Laurdag starta eg med seriøs forsking. Det gjeld av og til å lese brukarrettleiinga.  Eitt forslag var å feste teljaren i BH-en.  Så eg leitte fram den eg kjøpte på Claes Ohlson tidleg i sommar og gøymde litt for godt før eg for på ferie.  Den sette eg i BH-en og dytt.no i bukselinningen.

Forsking
Laurdag var ein aktiv dag.  Eg vaska, gjekk tur og stelte i hagen.  Dytt.no viste 4587 steg medan Claes Ohlson viste 13009 steg.  Eg trampa rundt på golvet 100 steg med ulike alternativ.  Best uttelling fekk Claes Ohlson sin festa i BH-en med 99 steg av 100, etterfølgd av dytt.no i BH-en med 87.  Ingen stegteljar i linningen her meir!

Resultatet på bildet er frå søndag dytt.no i BH-en og Claes Ohlson i bukselinningen.

I dag har eg villeg delt ut gode råd til kollegaer om bruk av dytt.no-teljaren.  Eg trudde folk skulle få noko å flire av.  Men fleire av damene tok rådet.  Det er ikkje berre eg som har hatt problem med teljinga.

No skal eg og stemme, og så skal eg fram på bana og sjå på fotballkamp.  Med 7544 steg som utgangspunkt, burde det bli ein dag med god utteljing!

5 kommentarer:

  1. Det er ei viss trøyst å sjå at du er like sprø som meg... Eg kom meg ikkje på tur søndag fordi teljaren min gjekk kruken laurdag kveld. I dag skulle eg kjøpe ny, men dei var utselde på begge sportsbutikkane i Volda. Krise!!! Eg kom meg ut på tur likevel, men dette går ikkje i lengda.

    SvarSlett
  2. Viss nokon du kjenner skal på Moa, så kostar den beste 49 kr på Claes Ohlson!

    SvarSlett
  3. Halvparten av mine ansatte inkludert meg var med på dytt.no sin dyre kampanje i vår. Fleire ha store problem med skritt-teljaren og motivasjonen sakk.. Endåtil mobil skritt-tejarane viste meir enn dytt.no sin. Så det beste rådet er nok ditt, gå til Claes Ohlson ;-)

    SvarSlett
  4. Eg er blitt tipsa om at ein kan laste inn noko på mobilen sin, men det gjeld ikkje slik telefon som eg har. Den er forresten kaputt den òg :)

    SvarSlett
  5. Det skal vere på I-podar og av rette sorten, hevdar frøkna. Ho har ein liten mindre enn ein stegteljar.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...