Denne boka er ei av dei eg har hatt lyst til å legge frå meg ganske kjapt. Men så hadde eg lite anna på lager, og eg bestemte meg derfor for å fullføre boka. Forfattaren les sjølv. Hadde ho overlate det til ein skodespelar, kan det hende han eller ho ville ha løfte boka. Første halvdelen er monoton og masande.
Som lesar irriterer eg meg over desse snart førtiåringane med fjortisfakter. To av dei har vore populære, eller kanskje heller frykta, sidan barneskulen. Dei utgjer den harde kjerne i syklubben. Og så er der eit par andre som prøver å få innpass. Dei vrakar andre jenter som gjerne vil vere venner med dei til fordel for desse kreksene med skarpe tunger. Desse to som ikkje gjer anna enn å finne åt andre.
I vaksen alder lyg og bedreg dei. Dei er ikkje venninner, men konkurrentar. Prinsessefaktoren er høg.
Etter kvart får vi innblikk i kvifor desse to har blitt som dei er. På ein tur til København vert det meste avslørt.
Boka set deg i ei spesiell stemning, og den set tankar i gang. Likevel er ikkje dette ei bok eg vil anbefale. Eg synest boka er meir tragisk enn morosam.
Hei!
SvarSlettvi har særemne i morgen om helene uri.
hva er det som blir avslørt i københavn?
Kven som eg i slekt med kven,men detaljane hugsar eg ikkje.
SvarSlett