I dag går startskotet til Dytt-konkurransen. Eg har vore inne og registrert meg. Der er og ei oversikt over ulike aktivitetar som kan reknast om i steg. Kor mykje eg kjem til å bry meg med det, vil tida vise. Det er helst for folk som driv med sykling, spinning og liknande.
I går var eg litt uvillig til å vere med på tur, skal eg innrømme. Litt smart får ein vere, og det å ta ut for mange krefter dagen før dagen, er vel heller lite taktisk.
Elles gjeld det å ha gode hjelparar, slike som kan gje ein eit spark bak. I dag kom det inn tre ulike forslag til tuar og aktivitetar omtrent samtidig. Eg valde å gjere det som eg ikkje var så gira på i går, nemleg ein tur til Eika. Det var berre å stille i regndress. På bilturen innover høljregna det og var 6,5 grader. Men då vi kom fram, skein sola, og det gjorde ho til vi sette oss i bilen att.
Eiksundsambandet startar med ei bru over til Eika.
Vatn med Ivar Aasen-ordtak.
Det gamle skulehuset. den tida hadde dei dass.
På høgste punktet kan ein skrive seg inn.
På vegen tilbake gjekk eg over brua og tok nokre bilde. Eg synest dei har laga det fin til.
Kor mange skritt eg har gått i dag, vil eg halde for meg sjølv. Målet er minst 10 000 skritt om dagen. I dag ligg eg godt an. Men konkurransen varer i to månader.
Eg har også lyst å gå tur på Eika, men vi må gjennom tunnelen. Derfor må vi kombinere med ein annan tur "uti øyane"
SvarSlettDer er fint, men bratt!
SvarSlett